1 / 9Pop-up: Mobilitetstimar i jula!
torsdag 4. des.
Dina Rygg Eide er heime på juleferie og held mobilitetstimar i Fjordboxen. Timane kombinerer dynamisk mobilitet, balanse, bevegelegheit og koordinasjon – spesielt retta mot crossfitøvingar.
God mobilitet forbetrar teknikk i øvingar som knebøy, markløft og overhead-rørsler, førebyggjer skadar, aukar mind–muscle connection og kan redusere smerter.
Dina har hatt ein pause frå CrossFit, men trente aktivt då ho jobba på Club La Santa, og haldt mobilitetstimar ved CrossFit-boksen i Volda.
Mob-timar før WOD er tilpassa øvingane i økta og fungerer som ei effektiv, lett oppvarming utan å påverke prestasjonen negativt. Timar etter WOD fungerer som avspenning og bidreg til betre restitusjon.
Du kan òg sjølvsagt kun være med på mobilitetstimen og ikkje wod
Timane passar for alle – velkomen!